Renta aukar i forhold til kor mykje du har på sparekontoen.
Det er inga bindingstid.
Kombiner enkelt med fast sparing og sparemål.
Sparing gir tryggleik
Ein sparekonto passar godt om du sparer til noko konkret. Kanskje du sparer til ny sofa? Eller står ein ferietur på ønskelista?
Når du sparer på ein eigen sparekonto, har du ikkje såg lett tilgong til pengane som når dei står på brukskontoen. Kanskje du då ikkje blir freista til å bruke dei før du har nådd sparemålet?
Har du eit sparemål lengre fram i tid, til dømes sparing til pensjon, anbefaler vi fondssparing. Viss pengane du set til side ikkje skal stå så lenge, er sparekonto ei grei løysing.
Gjer sparing kvardagsleg
Den enklaste måten å spare pengar er å gjere sparing til noko kvardags. Med ein fast spareavtale sparer du nesten utan at du merkar det. Gode sparevaner gir deg ein fridom til å gjere kva du vil, når du vil.
I nettbanken og mobilbanken kan du enkelt starte, endre og stoppe sparinga di som du sjølv vil.
Når du skal starte å spare, kan det vere lurt å tenkje over kva du ønskjer å spare til. Spar til noko du gler deg til, eller noko konkret som ei hytte. Du kan òg spare til kvardagen, slik at du har litt ekstra å rute med viss utgiftene aukar meir enn du forventar.
Det finst ulike måtar å spare på. Her finn du nokre moglegheiter:
Bufferkonto Det er lurt å starte med ein bufferkonto. Å spare pengar på ein bufferkonto sikrar at du har pengar om det dukkar opp uventa hendingar og uforutsette utgifter. Les meir om bufferkonto.
Sparekonto
Mange startar med ein sparekonto. Å spare pengar på ein konto er ei sikker og forutsigbar spareform. Du kan velje å spare fast, kvart gong du bruker kortet, eller når du har noko til overs. Les meir om sparekonto.
BSU (Boligsparing for ungdom) Er du under 34 år og sparer til bustad, er det inga spareform som slår BSU. Les meir om BSU
Fond Å spare i fond passar ypperleg når du skal spare langsiktig. Begynn i det små, om det så berre er nokre hundrelappar i månaden. Startar du tidleg så kan sjølv små summar vekse seg store over tid. Her kan du lære meir om fond.
Pensjon Pensjon er pengane du skal leve av i framtida. Å spare smart kan gi deg ein betre kvardag som pensjonist. På våre sider kan du velje den livsfasen du er i, og få tips til korleis du bør spare. Les meir om sparing til pensjon.
Rentene på sparekontoen din blir berekna dagleg, men blir utbetalt éin gong i året. Det betyr at sparepengane dine veks litt kvar dag, men at det totale rentebeløpet først blir utbetalt til sparekontoen din på slutten av året.
Du kan når som helst sjå kor mykje renter du har opptent så langt i år ved å gå til renteinformasjonen på sparekontoen din i nettbanken og mobilbanken.
For å rekne ut kor mykje renter du vil få i løpet av eit år, treng du å vite kva den årlege renta på kontoen din er, og kor mykje pengar du har ståande på kontoen.
Har du til dømes 100.000 kroner på ein sparekonto med ei rente på 3 %, blir reknestykket slik:
100.000 * 0,03 = 3000
Du vil altså få 3000 kroner i renter for å ha 100.000 kroner ståande på sparekontoen i eitt år.
Dette er berre meint som eit døme, så hugs å byte ut tala i reknestykket med det som gjeld for deg.
Ønsker du å vite kor mykje renter du har opptent så langt i år, kan du enkelt sjå dette ved å gå til renteinformasjonen på kontoen din i nettbanken og mobilbanken.
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}