Utleigeforsikring

Viss du leiger ut huset ditt eller delar av det, må du melde frå til oss om at du har utleige. Då vil du få ei utleigeforsikring som tilleggsdekning, som gir deg ekstra tryggleik.

Leiger du ut ein bustad som er ein del av eit sameige eller burettslag, må du sjekke med styret for reglane om utleige og forsikring.

Dame sit i sofa med pc og administrerer eit leigeforhold

Kva dekker utleigeforsikring?

  • Skadeverk og tjuveri utført av leigetakar med inntil 500.000 kroner
  • Husleigeforsikring: Ubetalt husleige i inntil 6 månadar
  • Omkostningar til utkasting inntil 20.000 kroner

Forsikringa krev at du har ein skriftleg husleigekontrakt med leigetakaren, samt tre månadar husleige som depositum. Eigenandelen på forsikringa utgjer tre månadar husleige.

Har du allereie husforsikring?
Kontakt oss for å legge til utleigeforsikring på eksisterande forsikring.

Innbuforsikring ved leige

Ein leigetakar blir ikkje rekna som eit fast medlem av ein husstand og er ikkje dekt av utleigar si innbuforsikring. Utleigar og leigetakar må derfor ha kvar si innbuforsikring for å vere dekt. 

Les meir om innbuforsikring ved leige


Skadar ved utleige

Forsikringa dekker skadeverk, der leigetakar eller deira gjestar påfører større skadar på bustaden og eigedelane dine, med viten og vilje. 

Røff bruk, slitasje, hakk, riper, flekkar eller kjæledyrskadar i bustaden er ikkje dekt av utleigeforsikringa. Typiske skadar som dette kan til dømes vere viss:

  • det har blitt vaska med for mykje vatn på parketten eller benkeplata og denne svulmar opp 
  • det blir kondensskadar på grunn av vatnsøl eller lukka lufteluker
  • katten har klora opp sofaen

Slike typar skadar vil i mange tilfelle bli dekt av depositumet.

Må eg ha utleigeforsikring?

Dersom du planlegg å leige ut heile eller delar av bustaden din, er det viktig at du melder ifrå til oss om dette.

Bustadar som blir leigd ut har høgare risiko for skade, sidan fleire menneske bruker bustaden. Prisen på forsikringa er derfor høgare når du leiger ut. Viss du ikkje gir beskjed om utleige, kan du ende opp med å betale for lite for forsikringa, noko som kan føre til avkorting  på erstatninga.

Når du melder i frå får du i tillegg ein utvida utleigeforsikring som gir deg ekstra tryggleik når du leiger ut.


Utleigeforsikring vilkår

Vilkår

Her kan du laste ned fullstendige vilkår som gjeld viss du kjøper forsikring i dag.

Har du husforsikring med utleigeforsikring som tilleggsdekning hos oss frå før, må du logge inn og sjekke vilkåra som gjeld for deg. 


LOfavør Husforsikring

Blant Norges beste på skadeoppgjer

*Tusen takk til alle våre kundar! Vi blei kundefavoritt 2024 og er samla sett blant Norges beste på skadeoppgjer ifølgje Bytt.no. Vårt forsikringsselskap Fremtind kjem best ut på både skadeoppgjer, kundeservice og kundetilfredsheit for ei rekke forsikringar, blant 22 andre forsikringsselskap.

Les om våre best i test-utmerkingar

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }
OSZAR »