Burettslag- og sameigeforsikring

Burettslag- og sameigeforsikring (bustadbygg) er ein forsikringspakke skreddarsydd bygningar og drift i bustadselskap. 

Bebuar? Då treng du innbuforsikring.

eit obos burettslag med forsikring, grøne hekkar og tre foran ein blå himmel
Forsikringa dekker tap av husleige ved skade.
Garantert hjelp 24 timar i døgnet.
Dekning av vasskade som følge av utett våtrom eller utett tak.

Kva med meg som bebuar?

Som bebuar i et burettslag eller sameige treng du vanligvis ikkje å tenke så mykje på bygningsforsikringa – det er styret som handterer denne. Derimot er det andre forsikringar du bør ha, som for eksempel innbuforsikring, som blant annet dekker eigedelane du har i leilegheita. 

Får du ein skade på leilegheita som vert dekt av bygningforsikringa, avklarer du med styret korleis skaden skal handsamast.

Kva dekker sameiget og
burettslaget si forsikring?

Bustadsbyggforsikringa er mykje meir enn berre burettslaget eller sameiget si «husforsikring». Du kan velje mellom tre ulike dekningar – frå brannforsikring til toppdekninga. I tillegg kan du utvide med tilleggsforsikringar og forsikringssummar som vi tilpassar dykkar behov.

Gjeld det mindre sameige, utan felles bygningsforsikring, er det andre forsikringar de bør ha.

Oversikta er forenkla. Sjå vilkår for detaljar.

Kva dekker sameiget og burettslaget si forsikring?
Om forsikringa Topp Standard Brann
Kven kan kjøpe forsikringa?
Kor gjeld forsikringa?
Dekningar
Brannskadar Dekkes av Topp Dekkes av Standard Dekkes av Brann
Naturskadar Dekkes av Topp Dekkes av Standard Dekkes av Brann
Yrkesskade på uløna arbeidskraft Dekkes av Topp Dekkes av Standard Dekkes av Brann
Huseigaransvar Dekkes av Topp Dekkes av Standard Dekkes ikke av Brann
Vasskadar Dekkes av Topp Dekkes av Standard Dekkes ikke av Brann
Tjuveri og hærverk Dekkes av Topp Dekkes av Standard Dekkes ikke av Brann
Snøtyngde og takras Dekkes av Topp Dekkes av Standard Dekkes ikke av Brann
Glas og sanitærporselen Dekkes av Topp Dekkes av Standard Dekkes ikke av Brann
Hageanlegg Dekkes av Topp Dekkes av Standard Dekkes ikke av Brann
Ulykke Dekkes av Topp Dekkes av Standard Dekkes ikke av Brann
Husleigetap Dekkes av Topp Dekkes av Standard Dekkes ikke av Brann
Riving og rydding Dekkes av Topp Dekkes av Standard Dekkes ikke av Brann
Reiskap og laust tilbehøyr Dekkes av Topp Dekkes av Standard Dekkes ikke av Brann
Frittståande bygningar og stativ Dekkes av Topp Dekkes av Standard Dekkes ikke av Brann
Berekraftig gjenoppbygging Dekkes av Topp Dekkes av Standard Dekkes ikke av Brann
Styreansvar Dekkes av Topp Dekkes ikke av Standard Dekkes ikke av Brann
Vasskadar frå utett tak Dekkes av Topp Dekkes ikke av Standard Dekkes ikke av Brann
Maskinskade Dekkes av Topp Dekkes ikke av Standard Dekkes ikke av Brann
Rettshjelp Dekkes av Topp Dekkes ikke av Standard Dekkes ikke av Brann
Kriminalitet og underslag Dekkes av Topp Dekkes ikke av Standard Dekkes ikke av Brann
Skadedyr, veggedyr og kakerlakker Dekkes av Topp Dekkes ikke av Standard Dekkes ikke av Brann
Handverkarfeil Dekkes av Topp Dekkes ikke av Standard Dekkes ikke av Brann
Tilleggsdekning
Hussopp, råte og insekt Dekkes av Topp Dekkes av Standard Dekkes ikke av Brann
Eigenandelar
Eigenandelar

Skadeførebygging og vedlikehald i bustadsameiger

Førebygging av skadar løner seg for styret, bebuarane og ikkje minst for miljøet. Mange skadar kan unngåast med gode rutinar for vedlikehald av bygningar, fellesareal og bueiningane. Vi har samla nyttige råd om skadeførebygging og vedlikehald – for både styret og for den enkelte bebuar. Då kan de saman sikre bygget og redusere risikoen for uventa skadar.

dør med nøkkel står open

Vilkår og produktinformasjon

Vilkår og IPID

Har du forsikring for burettslag og sameige hos oss frå før, må du logge inn og laste ned vilkåra som gjeld for ditt burettslag/sameige.

Nedanfor kan du laste ned standardvilkåra som er utgangspunktet, viss du kjøper forsikring i dag. Det er viktig å vite at du får skreddarsydd forsikringsavtalen og vilkåra etter behova til burettslaget/sameiget sine behov.

Kva er IPID?

 

Tips til ein fersk styreleiar

  1. Få oversyn over ansvaret
    Som styreleiar er du ein del av styret som har ansvar for den daglege drifta. Dette skjer innanfor rammene av lovverket, vedtektene og det generalforsamlinga har vedteke. Det kan for eksempel dreie seg om å følge opp vedlikehald, husleigeinnkrevjing, økonomi og kontakt med både myndigheiter og leverandørar.
  2. Sett deg inn i økonomien
    Sjølv om mange bruker forretningsførar for å lette arbeidet med økonomien, er det viktig at styret forstår budsjett, rekneskap og kor mykje som står på felleskontoen. Då er det lettare å ta gode avgjerder om både drift og investeringar.
  3. Prioriter vedlikehald
    Lag ein vedlikehaldsplan over kva som bør utbetrast på kort og lang sikt. Begynn med det som hastar mest, og ta resten etter kvart som det er midlar på felleskontoen. Større prosjekt krev ofte vedtak i generalforsamlinga. Eit godt planlagt vedlikehald sparer både tid og pengar på sikt.
  4. Ta ansvar for sikkerheita
    Styret har ansvar for at eigedomen er trygg å bu i. Gjer jamlege HMS-rundar på fellesareala for å oppdage avvik, feil og farer. Sørg også for at brannsikkerheita er ivareteke – det inkluderer rømningsvegar, brannvarslingsapparat og sløkkeutstyr. Årlege kontrollar og øvingar er lurt.
  5. Hald bebuarane informerte
    God dialog med naboane gjer styrearbeidet enklare. Det er lettare å løyse ueinigheiter eller misforståingar når folk veit kva som skjer. Bruk gjerne fleire kanalar – som e-post, SMS, Facebook eller oppslagstavle. Dugnad, fellesmøter og «ein tur til postkassa» er fine høve for å ta ein prat.

Dugnadsrettleiar

Når de skal planlegge ein dugnad i eit samege eller burettslag kan det vere vanskelig å vite kva oppgåver de bør prioritere. For å hjelpe dykk litt på vegen, har vi laga ein dugnadsrettleiar

ein person står og steiker vafler på ein dugnad

Har du hatt uhell eller skade?


Rabattar og reduserte eigenandelar

Det finst ein del brann- og skadeførebyggende tiltak som vil gi rabattar på forsikringane.

Vass-stopparar

Sikrar de dykk mot vasslekkasje og frostsikring med smarte vass-stopparar får både sameiget/burettslaget og bebuarane nokre fordelar:

  • 30% rabatt på Abra Kollektiv+​ (smarte produkt)
  • inntil 10 % rabatt på forsikringa
  • inntil 15.000 kroner lågare eigenandel ved vasskadar der vass-stopparen har redusert vasskaden.

Sameiget hadde åtte innmeldte vasskader dei siste sju åra. Etter dei installerte nytt vassikringssystem, har dei ikkje hatt nye skader – og prisen på forsikringa har gått ned.

ein bonde viser frå produksjonen av grønne tak

Brannanlegg

Har du eit FG-godkjent brannanlegg får du rabatt på forsikringa di, og dessutan redusert eigenandel med inntil 15.000 kroner ved brannskadar.

FG-godkjenninga med tilhøyrande rapport må ligge inne i databasen til FG-kontroll, i tillegg til å vere i drift på skadetidspunktet. Dette arkivet blir administrert av Finans Norge og FG.

Klimatilpasning

Ekstremvêr, i form av kraftige regnskyll som fører til flaum, er ei stor klimamessig utfordring. Dersom eigedomen har installert skadeførebyggjande løysingar for å forseinke eller redusere mengda av overvatn ved ekstremnedbør, blir det ikkje eigenandel ved overvasskadar. Døme på tiltak er:

  • oppsamling av vatn i tankar og magasin
  • infiltrasjonsgrøfter og -dammar
  • tak med beplanting (grøne tak)

Landbruksbedrifta Østfold Gress resirkulerer teglstein og dyrkar sedum i kassetter, som vert brukt for å lage grønne tak.

ein bonde viser frå produksjonen av grønne tak

El-kontroll med termografering

Har du ein gjennomført og godkjent brannforebyggende El-kontroll NEK 405-01/03/05 utan avvik, får du både rabatt på bygningsforsikringa, og dessutan redusert eigenandel ved brannskadar som kjem av feil i det elektriske anlegget. FG-godkjenninga med tilhøyrande rapport må ligge inne i databasen til FG-kontroll. Dette arkivet blir administrert av Finans Norge og FG.

Les meir om el-kontroll og termografering på landbrukssidene.

Tjuverialarm

Har du ein FG-godkjent tjuverialarm får du rabatt på bygningsforsikringa, og dessutan redusert eigenandel ved tjuveriskadar. FG-godkjenninga med tilhøyrande rapport må ligge inne i databasen til FG-kontroll. Dette arkivet blir administrert av Finans Norge og FG.

Vaktmeister

Ein vaktmeister set gjerne vedlikehald og sjekk av bygningen i system, noko som gjer at det gjerne er mindre skadar. Har sameiget/burettslaget ein eigen vaktmeister vil det gjere at prisen på forsikring blir lågare.

Husk at burettslaget/sameiget er lovpålagd å ha yrkesskadeforsikring når de sjølv har tilsett vaktmeisteren.

Automatsikringar

Har de framleis skrusikringar, betyr det at det elektriske anlegget er gammalt. Eldre sikringsskap er ikkje dimensjonert for dagens straumforbruk – som for eksempel oppvaskmaskin, vaskemaskin, tørketrommel og induksjonstopp. Det aukar faren for overbelastning og brann. Har de derimot automatsikringar, gir det lågare pris på forsikring.

Kva lurer andre på?

Forsikringsselskapet vårt er Fremtind Forsikring

Du kjøper forsikringa di hos i SpareBank 1, og den dagen du må bruke den, kontaktar du forsikringsselskapet vårt Fremtind.


{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }
OSZAR »