Du kan velje mellom to typar forsikringar på campingvogna di. Kasko er den beste forsikringa, og den du må velje viss du har ein dyr og fin vogn med lån. Delkasko dekker det meste du treng, men har ikkje like mange fordelar som kasko.
Oversikta er rettleiande. Sjå vilkår for detaljar.
Om forsikringa
Kasko
Delkasko
Kor gjeld forsikring?
Dekkes av Kasko
Dekkes av Delkasko
Campingvognforsikringa gjeld i Europa.
Skal du køyre utanlands med campingvogna di, anbefalar vi å ha med «grønt kort» for både bil og campingvogn. Dette kan du bestille heilt gratis.
Kven gjeld forsikringa for?
Dekkes av Kasko
Dekkes av Delkasko
Campingvognforsikringa følger campingvogna, og gjeld også når andre personar enn forsikringstakar bruker campingvogna.
Du kan leige ut campingvogna utan at du treng å kjøpe tilleggsforsikring. Gjeld ved privat utleige i inntil 2 månadar per år.
Kva dekker forsikringa?
Brann, tjuveri og hærverk
Dekkes av Kasko
Dekkes av Delkasko
Dekker brann, lynnedslag og eksplosjon. Dekker også tjuveri, forsøk på tjuveri og hærverk. Tjuveri frå fortelt er ikkje dekt.
Du får veghjelp ved skade som er dekt av forsikringa, anten du er på vegen eller heime i oppkøyrsla. Bilbergaren vil forsøke å fikse problemet på staden, eller frakte campingvogna til nærmaste verkstad.
Vi har avtale med SOS veghjelp, som er Nordens største på veghjelpstenester.
Dekker bagasje og eigedelar som er oppbevart i campingvogna, med inntil 10.000 kroner per enkeltgjenstand. Forsikringssummen for tinga dine vel du når du kjøper forsikring.
Tjuveri frå fortelt er ikkje dekt.
Vass-/fuktskadar
Dekkes av Kasko
Dekkes ikke av Delkasko
Dekker alle typar uventa fuktskadar som følge av fukt i tak, veggar og golv for opptil 15 år gamal campingvogn. Krev at du har ein godkjend årleg fuktkontroll.
Når du kjøper kasko, vel du eigenandelen sjølv. Du kan velje mellom eigenandelar på:
4.000 kr
7.000 kr
10.000 kr
15.000 kr
Jo høgare eigenandel, jo billegare forsikring. Det kan vere greitt å vite at ein del eigenandelar er faste, som for eksempel rutebytte og veghjelp.
Aldersfrådrag
For nokre gjenstandar som er kjøpt nye er det aldersfrådrag ved tjuveri eller skade. Ting du har overtatt brukt blir erstatta etter sin omsetningsverdi. Det gjeld mellom anna kvitevarer, elektriske maskiner/utstyr og fortelt.
Vi belønner deg som samlar forsikringane hos oss. Du kan få inntil 15 % samlerabatt på skadeforsikringane dine. Er du i tillegg bankkunde, får du 5 % i ekstra rabatt.
Ønsker du å leige ut campingvogna, er du dekt på same måte som før utan at du treng å kjøpe tilleggsforsikring. Gjeld ved privat utleige i inntil 2 månadar per år.
Campingvognforsikring med feriegaranti
Viss du skulle vere uheldig å få skade på campingvogna etter påbegynt ferie, blir utgifter til alternativ overnatting erstatta med inntil kroner 1.500 per dag.
Erstatninga gjeld for resterande tal dagar av planlagt ferie (maks 15 dagar).
Lågare eigenandel med alarm
Eigenandelen blir redusert med inntil 4.000 kroner ved:
tjuveri av eller frå campingvogn med montert FG-godkjent alarm, eller fabrikkmontert alarm.
tjuveri av campingvogn med anna montert FG-godkjent tjuverisikringsutstyr.
Sikringsutstyret må vere i drift på skadetidspunktet.
Reglar ved bruk av tilhengar
Vi har sett saman dei viktigaste lovene og reglane for bruk av tilhengar og campingvogn.
*Tusen takk til alle våre kundar! Vi blei kundefavoritt 2024 og er samla sett blant Norges beste på skadeoppgjer ifølgje Bytt.no. Vårt forsikringsselskap Fremtind kjem best ut på både skadeoppgjer, kundeservice og kundetilfredsheit for ei rekke forsikringar, blant 22 andre forsikringsselskap.
Du kjøper forsikringa di hos i SpareBank 1, og den dagen du må bruke den, kontaktar du forsikringsselskapet vårt Fremtind.
Kva lurer andre på?
Ja, har du kasko campingvognforsikring hos oss, er du dekt for alle typar uventa fuktskader og vasskadar i campingvogn – både i tak, veggar og golv. Dekning for fuktskade forutset at du har godkjent årleg fuktkontroll frå ein caravanforhandlar autorisert av Norges Caravanbransjeforbund.
Årleg fuktkontroll Det er viktig å gjennomføre årleg fuktkontroll, for å oppretthalde garantien og oppdage fukt tidleg. Det er vanleg at fuktkontrollen må takast årleg innan 30 dagar før eller etter registreringsdatoen. Er campingvogna/bubilen registrert 1. juni, må fukttesten takast mellom 1. mai og 30. juli.
Fuktgaranti Kjenn til fuktgarantien på campingvogna/bubilen din. Den kan variere frå 5 til 12 år. Følg garantiføresetnadane for å sikre ein gyldig garanti. Dokumentasjon på årlege utførte fuktkontrollar er avgjerande.
Fuktsensorar
Vurder å installere ein fuktsensor, som for eksempel Avara Moist, for kontinuerleg overvaking av fukt og tidleg varsling ved lekkasjar. Dette kan bidra til å oppdage fuktproblem mellom dei årlege fuktkontrollane og minimere eventuelle fuktskader.
Eigenkontroll
Utfør jamnleg eigenkontroll ved å sjekke utsette område som rundt luker, bak gardiner, i hjørner framfor og bak, og i bagasjerommet. Oppdagar du fukt, bør du få dette sjekka av ein fagperson for å forhindre ytterlegare skader.
Nei, det er ikkje påbode eller lovpålagt å ha forsikring på campingvogn. Det er bilens ansvarsforsikring som gjeld. Men det er greit å hugse at hvis du krasjar med campingvogna har du ingen forsikring som dekker skade på din eiga campingvogn.
Har du kasko campingvognforsikring er du dekt mot brann, tjuveri, innbrot, hærverk, kollisjon og utforkøyring. Både campingvogna, fortelt og tilbygg dekkast, samt lause gjenstandar og fastmontert utstyr. I tillegg har du feriegaranti viss det skulle skje noko med campingvogna i ferien.
Ja, du kan kjøpe forsikring på campingvogn på fast plass. Campingvognforsikringa dekker også fortelt, spikertelt, fastmontert utstyr og lause gjenstander. Du er dekt ved både brann og tjuveri. Les om kva som er dekt av forsikring på campignvogn.
Viss du har bygd spikertelt, platting eller andre campingbygg etter du kjøpte campingvognforsikringa, må du hugse å gi beskjed til forsikringsrådgjevar om dette, så desse også står oppført i forsikringsavtalen din.
Har du forsikring på campingvogn på fast plass vil forsikringa hovudsakleg berre gjelde ved den faste plassen. Unntaket er ved transport i desse tilfella:
mellom to faste stader (sommarplass og vinterlagring)
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}