Sørg for å setje inn det årlege beløpet på 27.500 kroner for å få maksimalt igjen på skatten. Ved å spare 27.500, vil du få 2750 kroner tilbake på skatten neste år.
Hugs! Pengane må stå på BSU-kontoen ved nyttår. Overfører du pengar frå ein annan bank, må du rekne ein virkedag før dei kjem inn.
For å få fullt skattefrådrag for BSU-sparinga, må du ha inntekt over 111.000 kroner.
Hald farten oppe i sparinga
Sparer du mindre enn maksbeløpet eitt år, kan det ta lang tid før du når BSU-taket på 300.000 kroner. I verste fall rekk du ikkje å spare heile kvoten før du blir 34 år. Då går du glipp av verdifulle skattefrådrag. Spar derfor så mykje du kan i år, og kvart år framover.
Har du planar om å kjøpe eigen bustad neste år? Hugs at rekkefølgja er viktig her: Du må opprette BSU-konto og starte sparinga før du kjøper bustad, viss ikkje mistar du moglegheita til å nytte deg av BSU-ordninga ved bustadkjøpet.
"Eg kjenner ingen spareordning som er så gunstig som BSU. I tillegg går det sjølvsagt an å spare utover BSU. For den målbevisste sparar er kjøp av eigen bustad så absolutt innan rekkevidde i løpet av nokre år. Jo då, det lønner seg å spare i BSU!"
- Magne Gundersen, Forbrukerøkonom
Har du fylt opp BSU-kontoen?
Bra jobba! Hugs at det er lov å spare meir! Det finst ulike måtar å spare på.
Frå det året du fyller 34 årkan du ikkje lenger setje inn pengar på BSU-kontoen din, men du treng ikkje avslutte kontoen. For å få skattelette på det du har spart det året du fyller 33 år, må pengane stå på konto til over nyttår. Når du har kjøpt bustad, og eig den heilt eller delvis per 31. desember, mistar du retten til skattefrådrag for dette året.
Du kan behalde BSU-kontoen din etter at du er 33 år, men den må til sjuande og sist brukast til bustadsformål.
Skattefrådraget på BSU er 10 % av det du sparer per år. Det vil seie inntil 2750 kroner. Pengane må vere på konto innan 31. desember, og stå over årsskiftet. Banken melder inn beløpet du har spart til Skatteetaten, som reknar ut skattefrådraget basert på inntekta di.
Skattefrådraget er berre for dei som ikkje eig eigen bustad frå før av. Det vil seie, eig du ein bustad (heilt eller delvis) per 31. desember får du ikkje skattefrådraget for dette året.
For å få fullt utbyte av BSU-frådraget, må du tene over 111.000 kroner. Først då betaler du nok skatt til at du får frådrag for det maksimale BSU-innskotet på 27.500 kroner.
Nei, du må ikkje bruke BSU-kontoen når du skal kjøpe bustad.
Om du bruker pengar frå BSU-en din til å kjøpe bustad er opp til deg sjølv og økonomien din. Ofte vil det bli lettare å kome inn på bustadsmarknaden om du bruker BSU-kontoen din. Dette kan også bety at du får mindre lån.
Kjøper du bustad før fylte 34 år, og renta på BSU-kontoen er høg, kan det vere ein fordel å vente med å «sprette» BSU-en, for renta på innskotet kan vere høgare enn bustadlånsrenta.
Før du har kjøpt din første bustad, får du eit skattefrådrag på inntil 10 % av det årlege sparebeløpet på BSU, så framt du har skattbar inntekt. Etter at du har kjøpt din første bustad, får du ikkje skattefrådrag i det heile tatt.
Du er sjølv ansvarleg for kva du bruker BSU-pengane til. Dersom BSU-pengane blir brukt til føremål som ikkje er godkjent i samsvar med Skatteetaten sine reglar, er det du som er pliktig til å informere Skatteetaten.
Ikkje godkjent bruk av BSU-pengar vil føre til at du må betale tilbake det du har fått i skattefrådrag på sparinga.
Du kan ikkje spare meir på BSU-kontoen etter at du har begynt å bruke BSU-pengane, med mindre det er pengar du har spart tidlegare i år. Desse er ikkje låste før årsskiftet og kan takast ut igjen.
Ja, det kan du! Frå 1. januar 2021 blei det godkjent å bruke oppsparte BSU-pengar til oppussing, påbygging og vedlikeholdsarbeid på eigen bustad. Det vil seie at du for eksempel kan bruke BSU-pengane til oppussing eller påbygging (på eigen bustad) du har gjort frå 1. januar 2021.
Du er sjølv ansvarleg for kva du bruker BSU-pengane på. Dersom BSU-pengane brukast til formål som ikkje er godkjent i henhold til Skatteetaten sine føreskrifter, er det du som er pliktig å opplyse Skatteetaten. Ikkje godkjent bruk av BSU-pengane vil føre til at du må betale tilbake det du har fått i skattefradrag.
Du kan ikkje spare meir på BSU-kontoen etter at du har begynt å bruke BSU-pengene, med mindre det er pengar du har spart tidlegare i år. Desse er ikkje låste før årsskiftet og kan takast ut igjen.
Du kan flytte BSU-kontoen du har i ein annan bank til oss.
Når du vel å flytte BSU-kontoen din til oss, må du legge inn kontonummeret til BSU-kontoen du har i dag og bekrefte at du ønsker å flytte denne kontoen til oss.
Du kan berre ha éin BSU-konto, derfor er det viktig at denne flyttinga skjer korrekt og at du ikkje avsluttar BSU-kontoen din før du opprettar ein ny hos oss. Les meir om reglane for BSU her.
Er du under 18 år må kontoen opnast av dine foreldre/verge. Verge må sende oss ei melding i nettbanken eller mobilbanken, så hjelper vi dykk med å opprette BSU-kontoen.
Du kan spare 27.500 kroner kvart år i BSU, og maks 300.000 kroner totalt. Det tar minst 11 år å spare opp maksbeløpet.
Hugs at du ikkje kan spare lenger enn til og med det året du fyller 33 år, det vil seie at du seintast må starte sparinga det året du fyller 23 år for å få maks beløp.
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}